Blei det endå meir av det gode?Sist helg var det eit halvt år sidan den mest dramatiske hendinga på norsk jord i moderne tid. Men kva er eigentleg status for vårt svar på terroren? Har det eigentleg blitt endå meir Slik eg ser det er det næraste me kjem meir openheit, viss me ser vekk frå Janne Kristiansen si Eit lite forslag, Sognekraft!Mange vil vel sei at det er for seint å ynskje godt år no. Eg gjer det likevel. Til dei av dykk eg ikkje har hatt høve til å møte enno i tjuetolv: Godt år! 2011 har gjort oss medvitne om at Europa og verda er meir ustabil, både økonomisk og politisk, enn på mange år. 2011 har vist oss at dette innbyggarfattige, men geografisk store landet, ikkje er skjerma frå vondskap større enn vi trudde fanst, og om den likevel skulle finnast, berre ramma folk så langt borte at det ikkje gjeld oss. Mange seier dei helst hadde sett at det var brukt mindre pengar på terroristen bak 22.7.-angrepet. Folk hadde heller sett at han blei dømt og gløymt enn all mediemerksemda han har fått. Nokon meinar han like godt kunne fått permisjon ei helg, for det hadde han ikkje overlevd, på grunn av hatet mot han. Men for store deler av norsk media var terrorhandlinga mot Norge det viktigaste og mest inntektsgjevande som skjedde i landet året 2011, og mange ser ut til å utnytte dette for å tene mest muleg pengar utan omsyn til alle dei som vart direkte ramma av terroråtaket. Store deler av norske media tenar pengar på å bygge opp terroristen sin status – akkurat slik han ynskjer! Ved å på den måten utøve journalistikk underbygger media legimiteten for narsissismen som også pregar terroristen. Det er det visst ikkje vanskeleg å komme unna med i namnet åt pressefridom og opplysningsplikt! Les heile Innhogget her! Sognekraft bør gi dei hundretusenvis av kroner dei sparte på grunn av dugnadsinnsatsen etter Dagmar til gode formål, td. badebassenget i Fjærland!Fleire kremmararI mars 2010 vitja BI-professor Torger Reve næringslivskonferansen i Sogndal. Han heldt eit utfordrande foredrag om kunnskap som grunnlag for næringsutvikling. Også i Sogn, føydde han til. Med eit stort spørsmålsteikn. Den aldri kvilande direktøren ved Vestlandsforsking, Agnes Landstad, huka tak i Reve mens han var her. Kunne han tenkje seg å vere fadder for eit prosjekt som kunnskaps- og næringsmiljøa i fylket vårt kunne gå saman om? Temaet gav seg sjølv: Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane, ein liten avleggjar av store prosjektet ”Et kunnskapsbasert Norge”, som Reve sjølv leiar. BI-professoren var positiv. Og nokre veker etterpå var vi i gang med prosjektet. Les heile innlegget…. KommentatordiktaturetEit kvart mediehus med respekt for seg sjølv, har minst éin synsar som i kommentarfelt får Desse kommentatorane synsar om det meste og dei fleste, òg det dei ikkje har grunnlag Eit B-kulturhus i Sogndal?For tre veker sidan hadde eg gleda av å besøke det vakre kulturhuset Oseana ved Bjørnafjorden rett utanfor sentrum av Os. Ein tydeleg stolt ordførar Terje Søviknes viste oss rundt i det nye 235 mill. kroners huset. At Oseana har reist seg i ein Frp-styrt kommune, med ein av partiets frontfigurar som pådrivar, verkar nærmast politisk naturstridig. Søviknes sjølv leidde byggjekomiteen. I dag leiar han driftsselskapet i det ferdige kulturhuset; eit kommunalt føretak. Ikkje noko aksjeselskap i Frp-garden. Eg kunne ikkje la vere å tenkje på den kulturglødande Terje Søviknes mens eg høyrde på vår eigen, heilt visjonslause, ordførar Jarle Aarvoll under det godt besøkte folkemøtet om (nye) Sogndal kulturhus tysdags kvelden. Aarvoll sa absolutt ingenting om det framtidige innhaldet i det nye kulturhuset vårt. Han sa ikkje eitt ord om kva kommunen eller ordførar tenkte om det. Han heldt seg strengt til det rådmannen har sagt; driftsøkonomien til kulturhuset skal styrkjast med kr 300.000 per år. På folkemøtet var det Kari Thorsen, kultursjefen Sogndal aldri fekk, som med sine visjonar og understreking av langsiktig strategisk tenking, minte meg mest om Terje Søviknes. Les heile innlegget! Endå ein raudgrøn festtale?For omlag ei veke sidan la regjeringa fram Stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken. Den nye landbruksmeldinga vart presentert av Sp-landbruksminister Brekk, og applaudert av Sp-leiar Liv Signe Navarsete. Men det spørst om denne meldinga er særleg meir eigna for Senterpartiet til å halde på veljarane enn den er eigna som reiskap for å ta vare på norsk landbruk i framtida. Det må i alle fall vere eit tankekors at når Sp-avisa Nationen presenterer hovudpunkta i meldinga, på ein optimistisk og positiv måte, og lagar ei lesarundersøking på nettsida si, så kryssar 64 prosent av lesarane at dei ikkje er nøgde med Stortingsmeldinga. Dei siste 36 prosentane fordeler seg likt på dei som er nøgde og dei som ikkje anar om dei er nøgde eller ikkje («veit ikkje»). Det overordna målet er å auke matproduksjonen i takt med folketalsauken. Regjeringa vil legge til rette for auka produksjon av jordbruksvarer som det er naturgjeve grunnlag for og som marknaden etterspør, og på den måten oppretthalde sjølvforsyningsgraden. Dei tre andre hovudmåla er landbruk i heile landet, aukt verdiskaping og berekraftig landbruk. For bønder på Vestlandet kan det sjå bra ut at regjeringa tek til orde for større grad av differensiering av landbruksstøtta mot områder der dei er uroa over utviklinga, mellom anna «deler av Vestlandet». Les heile kommentaren no! KulturhusprosessenNeste sommar flyttar høgskulen ut av Sogndal kulturhus. Høgskulen var nøkkelen i realiseringa av kulturhuset i 1991, og har vore ein draumeleigetakar i 20 år. Om sju månader er det slutt. Sogndal kommune, som eig kulturhuset, har visst om dette i minst sju år. Men framleis er det berre nokre svært få som har ei aning om kva som no skal kome inn i det vakre huset i Gravensteinsgata, midt i sentrum av Fjøra. Svært mange er opptekne av saka, og har meiningar om kva som bør, eller ikkje bør, skje. Alle ønskjer seg meir kultur i kulturhuset. Men alle veit at huset også treng betalingssterke kommersielle leigetakarar. Korleis skal vi så finne den beste balansen mellom dei ulike partane? Frå huseigaren er det ingenting å høyre. Det uroar folk. Og rykta går. Kulturhuset skal byggjast saman med varehuset Sogningen. Skal det då, som eit rykte seier, verte butikkar i heile 1. etasje i kulturhuset? Kanskje det. Det har jo alt vorte uttrykt ønske om å flytte folkebiblioteket opp i 2. etasje. Kva er på teiknebrettet? Finst det ein skjult agenda?.. Les meir.! Kva er namnet ditt?Her finn du kommentaren som var på trykk i Sogn Avis i går! 28.11.2011: Harald Aabrekk er tidenes Sogndal-trenarTo opprykk. Éin bergingsoperasjon. Fire sesongar i eliteserien. Fleire av desse mot alle odds. Difor er Harald Olav Aabrekk tidenes Sogndal-trenar. Det er lett å bli historielaus i slike «kåringar». Per Ingar Sviggum med sine tre opprykk pluss cupfinale, Bo Mattsson med sin profesjonalisering av klubben, Ola Ljungberg sitt opprykk med påfølgjande historisk besteplassering (6. plass), og Torbjørn Glomnes med sitt episke 2000-opprykk og underhaldande angrip-filosofi er alle menn som har prenta namnet sitt inn i Sogndal-soga til evig tid, og som er gode kandidatar til den same tittelen. Men ingen når heilt opp til «bonden frå Eid». Aabrekk sine merittar på Fosshaugane er nemleg utan sidestykke. Opprykk i 1990, ny kontrakt i 1991. Frå botnplassering til trygg grunn under bergingsoperasjonen i 2002. Opprykk i 2010, formasjonsrevolusjon og sikker plassering på tabellen i 2011. Nokon betre? Eidaren sin tredje epoke i Sogndal er hans beste. I ein periode der klubben har hatt fokus på anleggsutbygging og nedjustering av raude budsjettal framfor sportsleg satsing har Aabrekk likevel gjort det «umoglege», og atter ein gong etablert klubben på toppnivå. Karl Oskar Emberland og Ole Hjelmhaug fekk plukka tilnærma fritt frå handlehyllene i 2009, utan å lukkast i jakta på opprykk. Dermed fekk Aabrekk sjansen, med 4,5 millionar mindre å rutta med og ein kraftig nedjustert spelarstall. Eg har ein draum om å rykka opp, sa Aabrekk til meg etter den første treningsøkta med laget 4. januar 2010. Ikkje noko svada om 5. plass, poengmålsetnad og éin kamp av gongen. Berre ein draum. Og opprykk vart det. Men med lite budsjett og lite investeringar på spelarsida vart Sogndal dømd nord og ned før årets sesong. Etter null poeng på dei tre første kampane hadde eg ikkje akkurat trua eg heller. Men der omgjevnadene konkluderte med nedrykk jobba Aabrekk vidare i det stille. Han skrudde saman ein ny – og defensiv – 5-2-3 formasjon, gav blaffen i kritikarane og fekk sakte men sikkert laget på rett kjøl. Det byrja i det små med den dørgande keisame 0–0 kampen på heimebane mot Tromsø. Eitt poeng. Eitt steg framover. Éin månad seinare kom vendepunktet i årets sesong. Stabæk vart slått i Telenor Arena. Aabrekk og kompani var framleis på botn av tabellen, men i løpet av desse 90 minuttane fekk spelarane prova både for seg sjølve og andre at dei kanskje hadde noko å gjera på dette nivået likevel. Resten er historie. Tre tap på dei 13 siste kampane er det synlege provet på dei store stega Sogndal har teke sidan dei blei tidvis rundspelte av Strømsgodset i minusgradene på Marienlyst i serieopninga 20. mars. Utvikling. Det er nøkkelordet til korleis Aabrekk har gjort Sogndal sitt 1. divisjonsmannskap frå 2010 til eit elitemannskap i 2011. At Even Hovland var eliteseriemateriell visste me også før årets sesong. Men under Aabrekk si leiing har også spelarar som Mats Solheim, Per Egil Flo, Ole Jørgen Halvorsen, Isak Scheel og Ørjan Hopen teke kvantesprang frå brukbare 1. divisjonsspelarar til etablerte karar i eliten. At dette skjer 20 år etter at Aabrekk gjorde det same med Håvard Flo og Tore André Flo er ikkje tilfeldig. Aabrekk er ein eigenrådig mann, og dei som vil vera kritiske vil kunna peika på ting som ikkje har gått vegen under den siste regjeringstida hans i saftbygda. Sogndal 2 har ramla ned eitt nivå, og har kanskje ikkje fått nok hjelp frå a-laget. Men med liten økonomi og rammevilkår som eigentleg tilseier spel i 1. divisjon har Aabrekk måtta gjort nokre knallharde vurderingar. Med ny elitekontrakt i lomma kan ingen seia at han har bomma. 55-åringen har og vist seg som ekstremt lojal. Motsetnadene mellom han og klubben sin administrative leiing har lenge vore store, noko som førte til at Aabrekk allereie i januar gav beskjed om at han ikkje ville vera med vidare. Men heilt fram til soga rundt klubben sin medisinske koordinator Kim Are Jacobsen eksploderte i september heldt Aabrekk frustrasjonen over manglande støtte og usemje med leiinga for seg sjølv. Han ønskte ikkje å sverta klubben i sitt hjarta, og let seg ikkje lokka frampå av overskriftsjagande journalistar. Men overskriftene kom i september. Også her stod lojaliteten i sentrum. I protest mot at leiinga i klubben lyste ut jobben til Jacobsen bak ryggen hans slo Aabrekk knyttneven i bordet og slutta på dagen. Resultatet var interne krisemøte, der Sogndal-leiinga måtte leggja seg langflate og offentleg orsaka den flaue hendinga. Her viste Aabrekk lojalitet for sine kollegaer, gjennomslagskraft og at han er ein gamal stridshest du absolutt ikkje vil kødda med. I mi bok var dette den siste brikka i puslespelet som sikra han tittelen «tidenes Sogndal-trenar». Aabrekk har letta meir på sløret om kvifor han sluttar i Sogndal i vekene etter dette, seinast i Sogn Avis måndag. Den fulle sanninga om kva som har gått føre seg i kulissene på Fosshaugane får me kanskje aldri veta. Men det er uansett utruleg synd at situasjonen har blitt slik at det er umogleg for Aabrekk å halda fram i klubben. Kanskje Sogndal har kome så langt dei kan koma med Aabrekk ved roret, og at ein ny trenar med nye tankar og idéar er det som skal til for å løfta laget vidare. Men det kan og slå andre vegen. Personleg trur eg Sogndal ville gått inn i ei ny stordomstid med Aabrekk ved roret i åra framover. Historia så langt tyder ikkje på noko anna. Det får me aldri veta, og det tykkjer eg er trist. Men det er heller ikkje dumt å gje seg på topp, og det gjer Harald Aabrekk. Han er tidenes Sogndal-trenar. Utdanning på motenTidlegare har eg teke for meg dei som droppar ut av vidaregåande skulegong. Men diverre er Slik eg ser det kan det store fråfallet forklarast med tre hovudgrunnar. Den fyrste er at det er Sognabloggen
Følgt av 72 medlemmar.
Her kan du lesa innlegg frå bloggarane til Sogn Avis Meir om sona Sognabloggen er ei sone på Origo. Les meir Annonse | ||